I situasjonar der barn og unge treng hjelp i ein fase i livet, nyttar kommunen ein elektronisk logg som sikrar dokumentasjon, samarbeid og god framdrift i dette hjelpearbeidet. Her får du som forelder/føresett ein introduksjon i bruken av denne loggen.
Stafettloggen er ei elektronisk loggbok for ditt barn/ungdom, der informasjon om alle hjelpetiltak som er sette i verk og involverte personar er samla på ein stad
Loggen gir ei oversikt over:
- alle avtalar som er inngått
- kva offentlege tenester som er involverte i hjelpetiltaka, og kva oppgåver dei har
- kva fagpersonar som er involverte i hjelpetiltaka, og kva oppgåver dei har
Ved å gjera oppdatert informasjon lett tilgjengeleg, skal stafettloggen bidra til å gjera overgangar mellom ulike nivå i tiltaksarbeidet lettare for alle involverte. Foreldre/føresette må alltid godkjenna at det vert oppretta ein stafettlogg for eit barn eller ein ungdom. Som foreldre/føresette får de tilgang til å lesa i den elektroniske loggen, og dermed kan de til ei kvar tid halda dykk oppdaterte på kva loggen inneheld av informasjon. Det er berre føresette til barnet, og offentlege tenester som dei føresette gir samtykke til innsyn, som kan få lesetilgang til stafettloggen.
Ein stafettlogg startar når kommunen og de som føresette er blitt samde om å setja i verk hjelpetiltak for barnet eller ungdommen dykkar, og de har gitt samtykke til at loggen vert oppretta. Hjelpetiltaka som vert skildra i loggen vil vera knytte til utviklingsområde der barnet kan ha nytte av ekstra støtte i ein kortare eller lengre periode.
Dersom fleire offentlege tenester skal involverast, må de som foreldre/føresette gi samtykke til at kvar av desse får tilgang til loggen.
Den elektroniske loggen er tilgjengeleg på nettsida til kommunen, og du finn påloggingssidaved å skriva inn følgjande adresse i nettlesaren din:
Du loggar på med BankId.
Stafettloggen vert avslutta når de som føresette og dei andre samarbeidspartnerane er samde om at barnet trivst og at hjelpetiltaka har gitt ønskt effekt. Som føresette har de til ei kvar tid rett til å krevja at loggen vert avslutta.
Ein avslutta logg vert lukka og arkivert. Om det på eit seinare tidspunkt er behov for nye hjelpetiltak, må foreldre/føresette godkjenne om informasjonen som ligg i loggen skal gjerast tilgjengeleg for offentleg tilsette.
Dersom du har spørsmål om stafettloggen, eller har behov for ytterlegare opplysningar, er du velkommen til å kontakta BTI-koordinator i kommunen:
Linda Asphaug
E-post: Linda.Asphaug@oygarden.kommune.no