-

Tverrfagleg drøftingsmøte

Tverrfagleg drøftingsmøte er sett saman av fagpersonar frå ulike tenester, som skal hjelpe til med råd og rettleiing til dei som står nærmast barnet/ungdomen. Tverrfagleg drøftingsmøte skal også hjelpe til med å kople på dei tenestene som trengst. Barnet/ungdomen og foreldre kan velje om dei ynskjer å delta på møta .

  • Saker der foreldre (eller barnet om det er gammalt nok), eller en tilsett ønskjer å få eit tverrfagleg blikk på utfordringane dei står i.
  • Saker der ein er usikker på kva teneste som fins og er aktuell.

Det vert sett opp 8-9 møter i året, i lokaler hos PPR/PPT på Straume.

Saker kan meldast til:

  • Sone sør: Siv Anne Waage tlf. 915 68 382
  • Sone midt 2: Siv Anne Waage tlf. 915 68 382
  • Sone midt 1: Jorunn Tyldum tlf. 906 16 254
  • Sone nord: Hege Stahl tlf. 454 42 471

Sone Sør

  • Kommunale skular: Sund ungdomsskule, Skogsvåg skule, Stranda skule og Spildepollen skule
  • Kommunale barnehagar: Klokkarvik barnehage, Spildepollen kystbarnehage, Stranda barnehage og Skogsvåg barnehage
  • Private barnehagar: Sauafjellet FUS barnehage

Sone Midt 1

  • Kommunale skular: Tranevågen ungdomsskule, Landro skule, Ulveset skule, Skålevik skule og Ågotnes skule
  • Kommunale barnehagar: Hamramyra barnehage, Ulveseth barnehage og Ågotnes barnehage
  • Private barnehagar: Langøy friluftsbarnehage, Nordlandia Kårtveitpollen barnehage, Nordlandia Naustvika barnehage og Nordlandia Ulven Naturbarnehage
  • Familiebarnehagar og opne barnehagar: Open barnehage avd. Landro

Sone Midt 2

  • Kommunale skular: Fjell ungdomsskule, Bjorøy skule, Brattholmen skule, Foldnes skule, Knappskog skule, Hjelteryggen skule og Kolltveit skule
  • Privat skule: Danielsen barne- og ungdomsskule
  • Kommunale barnehagar: Bjorøy barnehage, Leirstaden barnehage, Liljevatnet barnehage, Knappskog barnehage, Marihøna barnehage og Straume barnehage
  • Private barnehagar: Eventus Sartorlunden barnehage, Havhesten FUS barnehage, Liatunet barnehage, Preg Straume barnehage, Læringsverkstedet Aronien, Læringsverkstedet Gardstunet, Læringsverkstedet Straume, Læringsverkstedet Valen og Tiriltunet barnehage
  • Familiebarnehagar og opne barnehagar: Knerten familiebarnehage og Open barnehage avd. Fjell og Straume

Sone Nord

  • Kommunale skular: Øygarden ungdomsskule, Rong skule, Tjeldstø skule og Toftøy skule
  • Kommunale barnehagar: Terna barnehage
  • Private barnehagar: Norlandia Svanevågen gards- og friluftsbarnehage, Preg Blomvåg barnehage og Preg Toftøy barnehage
  • Familiebarnehagar: Knappen familiebarnehage og Spurven familiebarnehage

Oversikt over kva tenester som er fast representert i dei ulike drøftingsmøta:

  • Kommunepsykolog
  • Helsestasjon/helsesjukepleiar
  • Barnevern
  • Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
  • Psykisk helse og rus
  • NAV

Møter ved behov:

  • Helse, meistring og rehabilitering
  • Helsesjukepleiar for flyktningar

Jorunn Tyldum, Hege Stahl og Siv Anne Waage tar imot saker frå sine soner, og skiftar på å leia møtene. Det er alltid to av oss som er med i møtet. Leiar for drøftingsmøtet skal gjerna «research» på førehand, og kalle inn dei fagpersonane som det er behov for i møtet. Leiaren er og den som har samtale med foreldre og stafetthaldar i forkant av møtet.