Start
Rettleiaren for BTI er eit verktøy som skal gjere det enkelt å handle i tråd med BTI-modellen. På første sida har ein full oversikt over alle nivå og steg. Alle punkta i oversikta er interaktive og leiar til utfyllande informasjon til det spesifikke punkt.
Om du har starta rettleiaren for første gang er det naturleg å starte på nivå 0, steg 1.
Navigering
Oppe til venstre finn du navigeringsverktyet
Øverst i navigeringsverktyet finn ein ei tallrekke frå 0 – 3. Dette viser til nivåa i BTI. Nivået du er på er utheva og ein kan enkelt navigere seg mellom nivåa ved å klikke på ønska tal.
Du finn ei forenkla skildring av nivået under tala. Du ser kun teksten for gjeldande Nivå.
Stega er teikna opp vertikalt frå 1 – 5 med det gjeldande steget utheva. Alle tala er interaktive og kan nyttast til å raskt navigere seg gjennom rettleiaren.
Ei forenkla skildring av stega er plassert til høgre for tala for å tydeleggjere prosessen i BTI.
Hovudinnhaldet finn du midt på sida
Her finn du ei forenkla skildring til kva du skal gjere på det gjeldande nivå. Alle utheva ord vil føra deg inn til ytterlegare informasjon.
Treng du meir informasjon, finn ein det nedst på kvart steg i heile rettleiaren.
Tilhøyrande skjema og verkty til høgre
Alle dokument og skjema som er relevant for gjeldande steg er tilgjengeleg på høgre side.