Helsestasjon for barn frå 0-6 år
Alle barn blir innkalla til konsultasjonar på helsestasjonen. Formålet er å fremja fysisk og psykisk helse og førebyggja sjukdom og skader.
På nettsida til Øygarden kommune finn du meir informasjon om helsestasjon for barn frå 0-6 år
Skulehelsetenesta
Alle skular i kommunen har helsesjukepleiar. Det varierer med storleiken på skulen kor mange dagar i veka helsesjukepleiar er på skulen. Det er også skulelege knytt til skulen, men dei har ikkje faste dagar dei er til stades på barneskulane.
På nettsida til Øygarden kommune finn du meir informasjon om skulehelsetenesta
Helsestasjon for ungdom
Helsestasjon for ungdom er eit gratis helsetilbod for ungdom opp til 23 år. Du treng ikkje bestilla time. Møt opp i opningstida og du får koma inn så snart vi er ledig.
På nettsida til Øygarden kommune finn du meir informasjon om helsestasjon for ungdom
Flyktninghelsetenesta
Flyktninghelsetenesta vil syta for at nye flyktningar, asylsøkjarar og familiegjenforeinte får tilbod om helsetenester.
På nettsida til Øygarden kommune finn du meir informasjon om helsestasjon for ungdom om flyktninghelsetenesta
Jordmødrene gjev deg oppfølging i svangerskapet etter ditt eige behov. Vi ønskjer å møta deg så tidleg som mogleg i svangerskapet og bidra til at du får ei trygg og god oppleving av å vera gravid.
På nettsida til Øygarden kommune finn du eir informasjon om jordmor
Vi tilbyr sårbare gravide og foreldre individuell oppfølging med rettleiing og hyppige konsultasjonar gjennom svangerskapet og i sped- og småbornsperioden ved behov. Trygg start er eit team som er samansett av jordmor, helsesjukepleiar, familierettleiar, spesial sjukepleiar, ein representant frå NAV og ein representant frå barnevernet.
På nettsida til Øygarden kommune finn du meir informasjon om trygg Start
Familie- og rettleiingssenteret er ei teneste samansett av ulike fagpersoner med brei kunnskap og kompetanse om barn, unge og familiar. Vi er eit tverrfagleg tilbod som gjennom rettleiing, kurs og samtalar skal ivareta og fremme psykisk og fysisk trivsel og god helse hos barn, unge og familiar, samt bidra til å styrke barn og unge sine oppvekstsvilkår.
På nettsida til Øygarden kommune finn du meir informasjon om familie- og rettleiingssenter (FOR)
SLT står for «Samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak». Med SLT-modellen skal ein samordna rus og kriminalitetsførebyggjande tiltak for barn og unge.
Her kan du lese om SLT-koordinatoren i Øygarden kommune om SLT-koordinator.
Pedagogisk psykologisk tjeneste (PPT) gjev barn og foreldre råd og rettleiing om utvikling, opplæring, trivsel og tilpassing i heim, barnehage og skule.
På nettsida til Øygarden kommune finn du meir informasjon om pedagogisk psykologisk tjeneste (PPT)
Kommuepsykologane for barn og unge jobbar med førebygging og tidleg intervensjon knytt til aldersgruppa 0-24 år. Tenesta rettar seg mot barn og unge med milde til moderate psykiske vanskar, via konsultasjon, grupper, kurs og rettleiing. Vi jobbar i tillegg med rettleiing til andre tenester og systemarbeid retta mot å skape gode helsefremjande arenaer for barn og unge.
På nettsida til Øygarden kommune finn du meir informasjon om pedagogisk psykologisk tjeneste (PPT)
Oppfølgingstenesta psykisk helse gjev individuelt tilpassa hjelp og støtte til personar med langvarige og samansette behov for psykisk helsehjelp.
På nettsida til kommunen finn du meir informasjonom om psykisk helse
Oppfølgingstenesta rus gjev individuelt tilpassa hjelp og støtte til personar med langvarige og samansette behov for helsehjelp.
På nettsida til Øygarden kommune finn du meir informasjon om rus
Barn og unge med motoriske vanskar og nedsett funksjonsevne kan få undersøking og vurdering av barnefysioterapeutar i kommunen. Vi treffer barnet i våre lokale på Rong, Skogsskiftet eller Straume terapisenter. Vi gjer og vurderingar på helsestasjonane, i barnehagane, skulane og på heimebesøk.
På nettsida til Øygarden kommune finn du meir informasjon om fysioterapi
Barn og unge som har vanskar med å utføre daglege gjeremål kan få undersøking og vurdering av barneergoterapeut i kommunen. Vi treffer barnet i våre lokale på Rong, Skogsskiftet eller Straume terapisenter. Vi gjer og vurderingar på helsestasjonane, i barnehagane, skulane og på heimebesøk.
På nettsida til Øygarden kommune finn du meir informasjon om ergoterapi
Her kjem informasjon.