Mange av oss, anten me er foreldre, naboar, vener eller kanskje me jobbar med barn og unge, kjem i løpet av livet opp i situasjonar der me ser eller høyrer noko som får oss til å kjenna ei uro for eit barn eller ein ungdom i nærmiljøet.
Uroa kan vere knytt til barnet og kan til dømes handle om:
- generell trivsel
- åtferdsvanskar
- emosjonelle utfordringar
- sosiale utfordringar
- manglande utvikling hjå barnet
- språkvanskar
- helseutfordringar
- kulturrelaterte utfordringar
Uroa kan og vere knytt til familiesituasjonen:
- helseutfordringar hjå foreldra
- samspel i familien
- sosiale og økonomiske utfordringar
- omsorgssituasjonen for barnet
- rus og psykisk helse
Du er første steg mot ei løysing
Signala som gjer oss urolege kan vera ulike og vanskelege å tyda, og det kan vera lett å kjenna på eiga uvisse. Me skal ikkje avventa eller setja vår lit til at andre fangar opp dei same signala som oss. Kanskje er det nettopp berre du som ser barnet/ungdomen! Då skal du dela uroa med nokon.
Som medmenneske skal me bry oss og ta tak i denne uroa, og dei av oss som er kommunalt tilsette pliktar dessutan å gjera det.
Gode hjelpemiddel
BTI-rettleiaren inneheld både ei oppskrift på korleis me skal gå fram for å avklara om det er grunnlag for uroa me kjenner, samt ei rekke konkrete verktøy. Både framgangsmåten og dei tilhøyrande verktøya er primært tiltenkt bruk i kommunale tenester, men også privatpersonar kan ha nytte av dei. Til dømes kan Observasjonsskjema for barn og unge , Signal på manglande trivsel , Skala for uro: barn og unge og Skala for uro: foreldre hjelpa deg med å setja ord på og definera uroa du opplever.
Dersom det er mistanke om vald eller overgrep skal ein kontakte barneverntenestene direkte.