-

Stafettlogg

 

Føremålet med stafettlogg er å sikre medverknad og heilskap rundt barnet/ungdomen, og å samordne tenestetilbodet. Stafettloggen skal følgje brukaren uavhengig av kven som er stafetthaldar, og skal bidra til at det ikkje vert oppfølgingsbrot i hjelpetilbodet frå tenestene.

Sjå rettleiar for stafettlogg og døme på skule og barnehage.

Ein stafettlogg: 

  • er eit samarbeidsverktøy og ein kommunikasjonsplattform for alle som er involvert i samarbeidet kring eit barn eller ungdom og deira foreldre 
  • er ein plan som gjer det lettare å arbeide for felles mål og felles retning på innsats frå ulike tenester 
  • kan vere elektronisk eller i papirutgåve 
  • vert sett i gang etter samtykke 
    • frå føresette til det aktuelle barnet
    • frå ungdom som er gamal nok til å samtykke sjølv (16 år) 
    • frå den gravide, om stafettloggen vert oppretta i svangerskap (stafettloggskjema tilpassa gravide kjem på eit seinare tidspunkt) 
  • vert utarbeidd i samarbeidsmøte, saman med barnet/ungdomen og deira foreldre, eller den gravide, og saman med dei tenestene/fagpersonane som deltek i oppfølginga av barnet. Stafettloggen erstattar referat frå møta 
  • gjer ei oversikt over kva tenester og fagpersonar som er involvert, og kva oppgåver dei har 
  • har eit loggformat, dvs kortfatta skriv om det ein har blitt einige om i samarbeidsmøte. Involverte fagpersonar kan ha plikt å føre utfyllande opplysningar i eigne fagsystem i tillegg til stafettloggen (t.d. helsepersonell som har journalføringsplikt) 

Stafettloggen kan opprettast etter samtykke frå føresette og hovudpersonen (barnet/ungdomen/den gravide) over 16 år.

 

Stafettlogg skal nyttast når det er behov for samhandling og koordinering av tiltak for barn/unge/gravide

  • frå og med Nivå 2 når det er behov for hjelp frå to eller fleire tenester

 

Det kan også vere aktuelt å opprette stafettlogg allereie på Nivå 1:

  • når det er sannsynleg at fleire tenester kjem til å bli involvert i samarbeidet, og der eininga og føresette/gravide er einige om at bekymringa skal følgast opp med tiltak
  • der tiltaka er av ein slik art at det er viktig for den som tek over stafettpinnen å vite noko om det
  • der eininga ønskjer å nytte DIPS samspill som plattform for å dokumentere tiltak og samhandling med heimen, og der det kan vere nyttig å registrere endring hos barnet/ungdomen over tid
  • i §9a-saker der ein ser at saka vil krevje mange utgåver/evalueringar av aktivitetsplanen (Stafettlogg erstattar berre sjølve aktivitetsplanen, ikkje den andre dokumentasjonen rundt 9a-saka). T.d ved skulevegring

 

Stafettloggen sluttar når de som foreldre saman med øvrige samarbeidsparter ser at barnet trives og tiltaka har gitt ønska effekt. Som foreldre kan de til ei kvar tid avslutte loggen.

Ein avslutta logg vert lukka og arkivert. Om det på eit seinare tidspunkt er behov for nye hjelpetiltak må foreldre/føresette godkjenne om informasjonen som alt ligg i loggen skal gjerast tilgjengeleg for offentleg tilsette.