-

Tiltak og tenester for barn og unge i kommunen

Helsestasjon for barn frå 0-6 år
Alle barn blir innkalla til konsultasjonar på helsestasjonen. Formålet er å fremja fysisk og psykisk helse og førebyggja sjukdom og skader.
På nettsida til Øygarden kommune finn du meir informasjon

Skulehelsetenesta
Alle skular i kommunen har helsesjukepleiar. Det varierer med storleiken på skulen kor mange dagar i veka helsesjukepleiar er på skulen. Det er også skulelege knytt til skulen, men dei har ikkje faste dagar dei er til stades på barneskulane.
På nettsida til Øygarden kommune finn du meir informasjon

Helsestasjon for ungdom
Helsestasjon for ungdom er eit gratis helsetilbod for ungdom opp til 23 år. Du treng ikkje bestilla time. Møt opp i opningstida og du får koma inn så snart vi er ledig.
På nettsida til Øygarden kommune finn du meir informasjon

Flyktninghelsetenesta
Flyktninghelsetenesta vil syta for at nye flyktningar, asylsøkjarar og familiegjenforeinte får tilbod om helsetenester.
På nettsida til Øygarden kommune finn du meir informasjon

Vi tilbyr sårbare gravide og foreldre individuell oppfølging med rettleiing og hyppige konsultasjonar gjennom svangerskapet og i sped- og småbornsperioden ved behov. Trygg start er eit team som er samansett av jordmor, helsesjukepleiar, familierettleiar, spesial sjukepleiar, ein representant frå NAV og ein representant frå barnevernet.
På nettsida til Øygarden kommune finn du meir informasjon

Familie- og rettleiingssenteret er ei teneste samansett av ulike fagpersoner med brei kunnskap og kompetanse om barn, unge og familiar. Vi er eit tverrfagleg tilbod som gjennom rettleiing, kurs og samtalar skal ivareta og fremme psykisk og fysisk trivsel og god helse hos barn, unge og familiar, samt bidra til å styrke barn og unge sine oppvekstsvilkår.
På nettsida til Øygarden kommune finn du meir informasjon

Kommuepsykologane for barn og unge jobbar med førebygging og tidleg intervensjon knytt til aldersgruppa 0-24 år. Tenesta rettar seg mot barn og unge med milde til moderate psykiske vanskar, via konsultasjon, grupper, kurs og rettleiing. Vi jobbar i tillegg med rettleiing til andre tenester og systemarbeid retta mot å skape gode helsefremjande arenaer for barn og unge.
På nettsida til Øygarden kommune finn du meir informasjon

Barn og unge med motoriske vanskar og nedsett funksjonsevne kan få undersøking og vurdering av barnefysioterapeutar i kommunen. Vi treffer barnet i våre lokale på Rong, Skogsskiftet eller Straume terapisenter. Vi gjer og vurderingar på helsestasjonane, i barnehagane, skulane og på heimebesøk.
På nettsida til Øygarden kommune finn du meir informasjon

Barn og unge som har vanskar med å utføre daglege gjeremål kan få undersøking og vurdering av barneergoterapeut i kommunen. Vi treffer barnet i våre lokale på Rong, Skogsskiftet eller Straume terapisenter. Vi gjer og vurderingar på helsestasjonane, i barnehagane, skulane og på heimebesøk.
På nettsida til Øygarden kommune finn du meir informasjon

Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få koordinator og/eller utarbeida ein individuell plan dersom dei ønskjer det.
Planen skal vere eit verktøy for samarbeid mellom tenestemottakar og hjelpeapparatet, og mellom dei ulike tenesteytarane. Alle som ønskjer koordinator/ein individuell plan må sende førespurnad  om det til Koordinerande eining.
På nettsida til Øygarden kommune finn du meir informasjon

Her kjem informasjon.